Tenestegrupper

I Ørste Volda misjonsforsamling har vi i dag fem tenestegrupper der ein kan engasjere seg inn i søndagsgudstenesten vår. Om du ynskjer å engasjere deg i ei teneste her, kan du gå til Leiing under "Om oss" og finne tenestegruppeleiaren for den aktuelle tenestegruppa. Så er visjonen vår "Større enn oss", så det finnes mange tenester ein kan ha som ikkje handlar om søndagsmøtet. Dette kan du lese meir om nedanfor.

Søndagsskule

Som søndagsskulelærar får du være med og vise komande generasjon kva og kven vi trur på. I søndagsskulen i ØVM så vil vi gjerne at kvart bar som kjem skal bli sett og vite at dei er velkomne. Søndagsskulen er delt i to grupper, ei for dei som ikkje har begynt på skulen og ei for dei som har begynt på skulen. Vi nyttar i dag Sprell levande, som er søndagsskulen Norge sitt opplegg, så du får god hjelp i førebuingar.

Teknisk

Tenestegruppa for teknikk styrer lyd og bilete i gudstenestene og har ansvar for det tekniske i forsamlinga. 

Song og musikk

I tenestegruppa for song og musikk er det ulike team som er med å leier forsamlinga sin allsong. Saman med møteleiar finn dei songar til gudstenestene, og her er du velkommen både om du spelar eit instrument, og om du berre syng. 

Mat og pynting

Etter gudstenestene i ØVM har vi god tid til kaffimat og sosialt fellesskap. Om du er med i tenestegruppa for mat og pynting, er du med å tilrettelegg for nettopp denne stunda. I tillegg har dei som har teneste her ansvar for å pynte litt i forsamlingslokalet kvar gong. 

Møteleiing

Kvar søndag brukar det å vere ein person som har ansvar for å geleide oss gjennom gudstenesta. Møteleiar har ansvar for at dei som er engasjerte i gudstenesta får den informasjonen dei treng i forkant, og avtalar med song og musikk kva songar ein skal nytte. Møteleiar har og dialog med den som skal tale og eventuelle andre bidrag inn i gudstenesta.

Misjon, diakoni og gjenbruksarbeid

Vår visjon er at vi som fellesskap skal nå ut over oss. Vi trur at Gud har lagt eigenskapar og gåver i den enkelte som vi får forvalte til glede for vår neste. Kan hende har du ei gåve som du gjerne vil nytte, men som ikkje passar heilt inn i kategoriane ovanfor? Ta kontakt med nokon i leiinga, om du ynskjer å bidra med denne på vegne av fellesskapet.

Vi vil gjerne ha eit arbeid som deler Jesus med dei som ikkje kjem på gudstenestene. Vi vil gjerne ha eit arbeid som tener dei som har behov i Volda og omegn. Vi har og treng mange gode medarbeidarar til å vere med i eit stort arbeid i gjenbruksbutikken. 

 

Powered by Cornerstone