Om Ørsta Volda misjonsforsamling

Ørsta/Volda Misjonsforsamling er ei evangelisk luthersk forsamling som er tilslutta Norsk Luthersk Misjonssamband. Vi trur at Bibelen er Guds ord og vedkjenner den evangelisk lutherske truvedkjenninga.
28.02.2019
Tekst:  Kari Nordmann
/
Hoverbilde:  unsplash.com
Om Ørsta Volda misjonsforsamling

 

Kvar vil vi?

Vi er ei forsamling som ønsker at nye menneske skal få bli kjent med Jesus Kristus som er vår Herre og frelsar. Difor ønsker vi å vere ei forsamling som veks, kor nye menneske får bli med i dette fellesskapet som tilbed Jesus.

Vi ynskjer også å vere eit fellesskap som der vi som kjenner han får vekse i nåde og kjennskap til han. At vi forstår meir av kven han er, kva han har gjort for oss og kva han kallar oss til å gjere. Difor vil vi stadig høyre meir av det han har å seie oss og vil difor vere ei lyttande forsamling

Om Ørsta Volda misjonsforsamling

Kven er vi?

Akkurat no er vi rundt 90 store og små medlemmer som regelmessig samlast i fellesskapet. Her er alle generasjonar og det gler vi oss over. Vi samlast som venner i heimane, i organiserte smågrupper og til gudstenester og andre møter. Vi er glade for at det er mange barnefamiliar hos oss og at stadig nye menneske finn seg til rette hos her. Vi driv også eit større innsamlingsarbeid for NLM som er organisasjonen vi er knytt til. Det å vere eit fellesskap som får samle inn midlar som vert brukt på dei som treng det mest er et privilegium som vi er takknemlege over å ha. Kan hende var det noko anna du lurte på, om kven vi er, då kan du sende mail til ovm nlm.no, så vil vi prøve å svare på det.

Om Ørsta Volda misjonsforsamling

Kvar kjem vi frå?

ØVM er ei forsamling som vart planta i 2011. Då heldt vi til i Hovdebygda midt mellom Ørsta og Volda. Forsamlinga vart planta fordi det var fleire i området med tilknyting til NLM og bedehusrørsla, som hadde eit ønske om å vere med i eit fellesskap med ein klar identitet og ein litt annan struktur enn det bedehuset tradisjonelt har hatt. Stolte over den teologiske arven som dei hadde frå bedehuset, men med blikk for ei ny og annleis tid vart denne forsamlinga planta. Sidan har vi fått oppleve vekst og endringar. Hausten 2017 flytta vi til Volda bedehus, vi er likevel bevisste på at vi ønsker å vere ei forsamling for Ørsta og Volda.

Powered by Cornerstone